mandag 17. januar 2011

finer på overbygg

Endelig er tida komen til å få limt på finer på overbygget. No vil Mathilde få meir eit etterlengta trebåtlook. Eg har då limt finer på med epoxy og sett i press.







Sparkling og pussing av sidene på salong



Sparkling og pussing av sidene på aktersalong og forover. Slik at det er klart til liming av mahognifiner.

luftekanal





Eg valgte å bygge ein luftekanal oppe på sandvichdekket som skal seinare brukast til defrostaren. Denne vil også ha ein funksjon som stivar på dekket. Sidan den er bygd i sandvich er den isolert og vil halde på varmen.

søndag 9. januar 2011

Foring av ventiler

Då eg skulle setta i ventilar i skutesida dukka det opp ein liten utfordring. Siden eg har kledd skutesida innvending med panel er det eit stykke mellom skutesida og panelet slik at det er lufting i mellom. Problemet var som følger: Kva skulle eg nytta i den distansen? Eg såg for meg eit røyr som foring og tok kontakt med rørleggar. Han hadde ingen røyr i sortimentet som passa med dimensjonen på ventilane. Etter litt grubling og leiting rundt om fann eg blomsterpottene til Fruen. Dei var kona og passa godt i dimensjon sidan ytterringen er større enn innerringen. Kven skulle trudd det, det passa som hand i hanske ;)




Plastikken i blomsterpottene var også perfekt. Dei stod ute i minusgrader og var alikevel elastisk og kunne klippast til uten å sprekke opp.

torsdag 6. januar 2011

oppdatering - bilderas

Er kanskje vanskelig å sjå for seg kor langt eg er komen med båten, og kor langt det er att til sjøsetting. Eg jobbar litt overalt på båten; malar, lakkerer, sparkler og monterer. Enkelte plassar synes eg det begynner å bli bra, og andre plasser er det eit godt stykke arbeid att...

Tenkte eg kunne vise litt rundtom på båten så langt, er vanskelig med oversiktbilde inne i garasjen, så de får pusla ho sammen sjølv :)

bad i forpigg




sovelugar i baug




badegolv m/dusjsluk

bilde teke frå akterdekk  framover

tirsdag 4. januar 2011

Nytt år og kanskje denne sommaren....

Godt nyttår til alle som henger med, det er ikkje så ofte eg oppdaterer, men håper de heng med for det om :)

No har det kome mange deler i hus bla. baugtrøstar, el.brytarar, sikringsboks, mahognyfinér og herda ruter til salongen. Så no er det berre tida til å få plassert dette i båten som står att. Godt eg er godt gift ;)

Eg har montert baugtrøstaren og toalettet, toalettet har eg venta så lenge med sidan baugtrøstaren ligg bak den. Så no kan eg gjera ferdig badet fullstendig, med alt som høyrer med..