mandag 1. februar 2010

sliping av undervasskrog







No er fyrste omgang med sliping i gang. Undervasskroget måtte slipast fri for maling og lakk for at glassfiberen skal henga. Etter slipinga plukka eg ut alle trepluggane og prima med eit strøk polyester tynna med polysolve. Så var det sparkling ialle sprekker og hol for så å plastre båten med to lag med 600 grams matte. Deretter bygde eg stiglister på skroget for å gje den betre løft og stabilitet. Kjølen vart forsterka med ein stålsko som eg bolta gjennom kjølen. Undervasskroget var forlenga frå 32' til 39'.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar