tirsdag 8. mai 2012

Flygande Mathilde

For at Mathilde skal verte sjøklar må ho høgare opp frå bakken. Det er fordi me må få sett i aksling og ror. Me leigde Larstø Båt og Motor sin krane med Olav Sjo bak spakane. Det var ikkje store plassen mellom krane, båt og garasje. Men dette meistra Olav fint... Då ho var stroppa opp vart det gjette konkurranse om vekta til Mathilde. Eg vant denne, Magnar tippa 6, eit eller anna. Naboen tippa 5 og eg tippa 4 tonn. Ei dames vekt er vel neppe populært å snakka om, men Mathilde var altså ikkje tyngre enn 4,1 tonn. Så med resterande utstyr vil ho mest sannsynelg komma opp mot 5 tonn med fulle tankar.










1 kommentar:

  1. For et fantastisk stykke arbeid! Gratulerer med alt som er gjort! Nå er det ikke lenge til den damen får smake litt salt igjen!!

    SvarSlett