Her har eg lagt mykje vekt på at eg skal sitje behagleg, ha god oversikt, kunna reise meg opp og sjå ut luka. Eg har berre ein midlertidig stol her enda. Men ser at stolen ikkje kan vera større sidan Mathilde er så smal. Fekk god hjelp av Fruen i dag til å rydde opp litt i båten. Det har ein tendens til å hope seg opp og no var eg oppe i tre verktøy av kvar sort. Så det letta litt rundt meg i dag... (fekk og sett ho i styrestolen og sett at ho og satt godt, er då ikkje berre eg som skal køyre båten;))
lørdag 28. januar 2012
fredag 27. januar 2012
Lyskastar
Kjekke sak på taket. Lyskastar er eit must for båten, og den måtte selfølgelig vera rustfri. Eg gjekk for typen som har sealedbeaminnsats. Det vil sei at det ikkje er lause lyspærer i. Ryk den så må heile innsatsen skiftast.
torsdag 26. januar 2012
Lanterner
Eg grubla lenge på kvar eg skulle plassere styrbord og babord-lanternene. Eg hadde nokre idear om lanternebrett på taket. Men enda opp med å ha dei under siderutene.
onsdag 25. januar 2012
Dieselvarmar montering
Då var dieselvarmaren også på plass. Den vart montert delvis under styrestol og ut i skutesida. Den er ein Mikuni. Det einaste som gjenstår her er drivstoffslange. Den slangen eg hadde viste seg og vera for kort. Ergelig!
tirsdag 24. januar 2012
Montering av manøverboks
Her har eg spandert ein skikkelig dyr manøverboks av typen kobelt. Desse kjøper eg av eit firma som heiter Seatek. Kablane er av den kraftigaste typen. For denne varer mykje lenger enn andre typar og å bytte ein manøverboks er eit plunderarbeid du ikkje vil gjera for ofte.. :)
mandag 23. januar 2012
bygging av sittegruppe/ benker
Med motoren montert vart det mykje som blei løysna. No kunne blandt anna benkene i cockpit ta form. Her har eg på førehand støypt opp sandvichplater med panelmønster. Desse er enkle å skjere til og skrusammen i sikaflex med tynne trerekter bak.
søndag 22. januar 2012
Montering av defrostar
Defrostaren har lagt under dørken i eit halvt år og venta på montering. No når motoren endeleg er montert kunne eg gå laus og montera både defrostar og varmtvatnberredar. Frå defroster la eg eit direkteløp opp til vindaugene/ventilane dei andre løpa fordelte eg med litt y'ar sidan dei ikkje er så viktige. No skal det iallefall bli varmluft på bad, begge salongane og i cockpit.
lørdag 21. januar 2012
Regatta Flytejakke og kikkert
Til jul fekk eg ei flott Regatta flytejakke og ein kikkert med innebygd kompass og avstandsmålar til bruk i Mathilde. Veldig kjekt med utstyr til båten!



fredag 20. januar 2012
Norheimsund og CMB-klubben
I år har me planar om å bli med CMB-klubben til Norheimsund på Hardanger trebåtfestival 22.06.2012.
Dette er då planen, og eg har då eit tidsfesta eit mål om å vera køyreklar til dess. Helst vil eg ha begge båtane mine køyreklare til den tid. Det krever nokre timar sidan Oline ikkje fekk nokon vårpuss i fjor. Ho har det aldri vore noko møbelfinish på. Men ho er vakker og er den vesle augesteinen vår. Familien er liksom ikkje komplett utan ho med oss på båttur. Me gleder oss stort heile familien.
Blir kjekt å møta resten av CMB-gjengen også!
Dette er då planen, og eg har då eit tidsfesta eit mål om å vera køyreklar til dess. Helst vil eg ha begge båtane mine køyreklare til den tid. Det krever nokre timar sidan Oline ikkje fekk nokon vårpuss i fjor. Ho har det aldri vore noko møbelfinish på. Men ho er vakker og er den vesle augesteinen vår. Familien er liksom ikkje komplett utan ho med oss på båttur. Me gleder oss stort heile familien.
Blir kjekt å møta resten av CMB-gjengen også!
torsdag 19. januar 2012
40-års dag
Ein er ikkje eldre enn ein kjenner seg, men tala viser no 40. Til den store dagen hadde familien min gått i saman om eit ekkolodd til Mathilde. Dette set eg veldig pris på. Det har vore eit ynskje som har lagt litt på sida av dei nødvendige tingene som fyrst må kjøpast/prioriterast. Tusen takk!
onsdag 18. januar 2012
Bestilling av ruter til vindaugene/ventilar
Då styrhuset var festa var det tid for å ta mål av rutene. Desse er no komne i bestilling. Norolf var med å hjelpte å ta mål til dette og fekk då lufta litt av tankane mine kring det å ha faste eller skyvevindauga ved styreposisjon. Me kom fram til at eg lagar tre vindauger i sida der eit var skyvevindauge.
tirsdag 17. januar 2012
Doradeventilar
Har kjøpt inn fire stk doradeventilar frå Vetus. Kjempedyre, men vel verdt pengane då eg såg kor lekker Mathilde vart. Valgte å laga ventilboksane under doradeventilane sjølv. Eg laga ei form som eg seinare støypte fire boksar i glasfiber i. Desse vart bora dreneringshol i sidene for å unngå vatn i lugaren. Plasseringa av doradeventilane var mykje fram og tilbake, men kom fram til at beste plassering var i akterkant av aktersalong.
mandag 16. januar 2012
Tak på styrhus
I tidlegare innlegg ser de ei bøygd sandvichplate oppå vindskjermen. Denne er no blitt eit tak. Etter mykje kutting, bøying, samanlikning og ikkje minst planlegging valgte eg å ha opent tak i senter. Først grovbygde eg dette og løfta det oppå. I byrjinga løfta eg det for hand. Etterkvart som taket vert forma vart det for tungt. Heldigvis har eg ein løpekatt i taket som taket vart festa i. Slik kunne eg då ta taket av og på under heile prosessen.
Hadde og eit uhell der taket løysna ein meter over aktercocpit. Det vart nokre mindre fine merker i mahognyen. Etter mange stygge ord om dette fekk eg taket på plass att og limte det fast.
Hadde og eit uhell der taket løysna ein meter over aktercocpit. Det vart nokre mindre fine merker i mahognyen. Etter mange stygge ord om dette fekk eg taket på plass att og limte det fast.
Trudde eg hadde mange tvinger, men her er alle i bruk, blir aldri mange nok tvinger... :) |
Test montering av horn |
Nylakka og klar til montering |
Taket heist på plass og montert |
søndag 15. januar 2012
Hausttreff og ny inspirasjon
I august var me på hausttreff med cmb-vestlandet. Dette var stort, me fekk til og med overnatte i flotte Pia II. Tusen takk Ivar. Me gleder oss stort til å treffe denne kjekke gjengen med fleire på neste treff.
![]() |
Foto: Sverke Haavik Nettstad |
lørdag 14. januar 2012
Vindskjerm utforming
Etter at Mathilde motvillig vart slept inn att i garasjen. Begynte arbeidet med bygging av vindskjerm. Eg hadde in plan om å bygge ho som byggesett. Slik at eg kunne plukke det av at då ho skulle ut døropninga att. Men Kom fort fram til at dette ville gje meg mykje meirarbeid og valde heller å rive døropninga. Slik at Mathilde kan takast ut utan demontering.
Etter ny leveranse av mahogny frå Knut Geir Tofte, byrja eg å laminere saman mahogny til styrhuset.
Etter ny leveranse av mahogny frå Knut Geir Tofte, byrja eg å laminere saman mahogny til styrhuset.
Abonner på:
Innlegg (Atom)