mandag 16. januar 2012

Tak på styrhus

I tidlegare innlegg ser de ei bøygd sandvichplate oppå vindskjermen. Denne er no blitt eit tak. Etter mykje kutting, bøying, samanlikning og ikkje minst planlegging valgte eg å ha opent tak i senter. Først grovbygde eg dette og løfta det oppå. I byrjinga løfta eg det for hand. Etterkvart som taket vert forma vart det for tungt. Heldigvis har eg ein løpekatt i taket som taket vart festa i. Slik kunne eg då ta taket av og på under heile prosessen.

Hadde og eit uhell der taket løysna ein meter over aktercocpit. Det vart nokre mindre fine merker i mahognyen. Etter mange stygge ord om dette fekk eg taket på plass att og limte det fast.


Trudde eg hadde mange tvinger, men her er alle i bruk, blir aldri mange nok tvinger... :)


Test montering av horn

Nylakka og klar til montering

Taket heist på plass og montert

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar