lørdag 28. januar 2012

Bygging av styreposisjon

Her har eg lagt mykje vekt på at eg skal sitje behagleg, ha god oversikt, kunna reise meg opp og sjå ut luka. Eg har berre ein midlertidig stol her enda. Men ser at stolen ikkje kan vera større sidan Mathilde er så smal. Fekk god hjelp av Fruen i dag til å rydde opp litt i båten. Det har ein tendens til å hope seg opp og no var eg oppe i tre verktøy av kvar sort. Så det letta litt rundt meg i dag... (fekk og sett ho i styrestolen og sett at ho og satt godt, er då ikkje berre eg som skal køyre båten;))


2 kommentarer: