torsdag 28. juni 2012

Endelig Hardanger Trebåtfestival...

Målet vårt i år var å komma oss til Hardanger Trebåtfestival i Norheimsund. Det bestemte me oss for allereie hausten 2011 på hausttreffet til CMB. Men tida fyk som vanleg og plutseleg var det få veker att... Det vart mange timar på båten dei siste vekene før.

Me hadde meldt på begge båtane våre både Mathilde og Oline. Ein sundagskveld nokre veker før Norheimsund tutla me oss ned til Oline for å sjå korleis det stod til med ho. Slik me huskar frå i haus, då ho vart teken på land, såg ho ikkje så verst ut. Men etter å ha jobba med Mathilde sin finish (som er langt frå noko glansbilde) så fekk me hakeslepp då me kom inn til Oline. Her måtte det gjerast noko. Ingen damer liker å visa seg fram utan å vera stelt, så her var det berre å hiva seg rundt.




Då torsdag 21.juni kom, jobba me med Mathilde heilt til kvelden, då me hadde avtalt å møta CMB i Uskedalen. Eg køyrde Mathilde med ungane og Emma Oline. Då me kom litt forbi Løkjelsøy, ville ikkje Oline lenger. Så ho måtte slepast heimatt.




Me suste til Uskedalen med Mathilde litt skuffa, men like klar for å møte resten av gjengen. Der var dei fleste på plass og me seig inn vågen samstundes med Elyana frå Strandvik (Scheen båt frå 1964 på 42,3 fot). Det var kjekt å sjå alle att, og båtane vart samanlikna og diskutert. Mathilde var sidan ho var ny i gjengen selfølgelig studert nøye.

Foto: Roy Magnussen

Me fortøydde inntil Mil frå Stavanger (46 fot klassisk trebåt teikna av Otto Scheen frå 1965). Det var ganske morosamt å så desse attmed kvarandre, for det gjekk nesten to Mathilder i breidda på Mil.




Bror min Jan Magnar stod tidleg opp  fredagen og brynte seg på Oline. Det viste seg oå vera dieselfilteret som skulle vore skifta, er visst noko i dette med barna til skomakaren har ikkje sko... he he. Så då ho var klar for avgang i to-tida fredagen tok Jan Magnar og Ann Kathrin og turen innover fjorden.


Me hadde nydeleg ver då me krusa avgarde til Norheimsund 22.juni, me for på rad å rekke ti trebåtar i ulik fasong og storleik. Det kom skøyter og kystvakt susande forbi, og det var ei heilt fantastisk oppleving å endeleg få vera på tur med Mathilde. Dette hadde me jo drøymt om i fleire år , både eg, Emma og ungane nøyt turen. Eldste jenta hadde med seg ei venninne og dei satt for det meste bak på akterdekk. Dei to minste leika, åt og sov.


Foto: Roy Magnussen


Då me nerma oss Norheimsund kom det plutseleg nokre kraftige vindar og sjøen vart tung. Det merkast på alle båtane der dei jobba seg innover. Me oppdaga plutseleg at Mathilde fekk mykje sjø på skutesida, der var det godt med gliper og sjø byrja å renne inn. Rett utanfor Vikøy kom det så mykje inn at me ikkje klarte å halde unna lenger, og me køyrde Mathilde inn i havna, på grunn. Henning Worren i Bellina frå Os (Furuholmen på 40 fot frå 1939) hadde sett att me heiv bøttevis med sjø overbord og fulgte etter oss. Han og  Roy Magnussen fekk gjeve beskjed om at me trengte lensepumper, så kort etter var Røde kors og kystvakten på plassen. Då Mathilde var tømt måtte ho dragast av grunnen att. Ho satt godt fast i evja, men løsna tilslutt. Emma og ungane var sendt ombord i Bellina og venta på meg i Norheimsund.

Foto:Thomas Anmarkrud

Foto:Thomas Anmarkrud

Foto:Thomas Anmarkrud

Då alt var i orden med Mathilde att (ingen skadar nokon plass), la eg til kai i Norheimsund. Då kom spørsmålet; om den andre båten min som eg venta på var blå. Svaret var ja, og då eg reiste meg opp og såg etter såg eg Oline på veg inn til havna den og. Det var så kjekt å ha begge båtane ilag i Norheimsund.

Foto:Thomas Anmarkrud


Me koste oss i Norheimsund og fekk både vist fråm båtane våre, og sett på dei andre sine vakre båtar. Plass til mykje båtprat, lått og løye vart det og. På Laurdagskvelden samla CMB seg rundt den tradisjonelle bacalaogryta som Nina i Ina (ein plattgatter konstruert og bygd av Lars Hausberg frå 1938)  hadde laga med god hjelp av fleire frå CMB. Det vart feira CMB-klubben sine 20 år på vestlandet og mimra om Hjalmar som døydde i vår. Uhøgtidlege prisar vart og delt ut. Litt moro må ein ha og me fekk "survivalkit" til Mathilde: pøs og ei pakke smør.




foto: Thomas Anmarkrud


Søndagen vanka det prisar i ulike klassar før me sette kursen heim. Mathilde og eg fekk ein plankett for innovasjon, nyvinning og kreativitet. Juryen likte godt linjene og løysingane mine, og det gjorde godt å høyre. Det må vera ein svært vanskeleg jobb å velga ut båtar til desse prisane, for det var mykje flott å sjå, og mange timars arbeid bak hos alle.




Heimturen gjekk som smurt etter å ha smurt skroget inn med smør. Me køyrde i lag med Elyana og Mil eit godt stykke, deretter krusa me i 15 knop siste innspurt og nådde att Oline akkurat ved kaia her heime.

Takk for turen alle saman!

foto:Anny Husebø





2 kommentarer:

  1. Kjekt å lesa om den innholdsrike turen dåkas :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt du likte det. Det var ein kjekk og spanande tur :)

      Slett