tirsdag 26. juni 2012

Ror, brakett og propell

Då Mathilde var komen på hengaren, var det tid for arbeid under vasslinja. Ror, brakett og propell skulle på plass. Eg hadde ein brakett eg lurte på å bruka, men når eg grovinnretta akslingen kom eg til at den ikkje ville passa. Far min kom då med den gode ideen at den kunne me støype sjølv i glasfiber. Dette tok han då tak i og laga det til meg i tillegg til roret. På den måten kunne eg konsentrera meg 100% på vannlageret og pakkboksen. Roret har kjerne av sandvich som er støypt utenpå av ganske mange lag av glasfiber. Braketten er utforma hydronaminsk, det betyr at den er strømlinjeforma. Propellen er ein me hadde liggande frå ein Halco 29 Offshore. Den vil med tida byttast ut med ein firblader scewback propell, men vil gjera nytten for no.


Jonathan likar godt å vera med å arbeide...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar