tirsdag 26. juni 2012

Prøvekøyring...

Då Mathilde var på plass ved kai, var det til med siste innspurt med motoren. Me tok dåp og prøvekøyring i lag med ungane. Alle saman med, Emma kjørte Oline viss noko ikkje var som det skulle, men det gjekk strålande. Eg er kjempefornøyd med dei 20 knopa på max fart og marsjfart på ca 15 knop. Ho gjekk så godt gjennom sjøen og var lett å styre. Roret som far min konstruerte fungerte 100%, det svingte like godt til styrbord og babord, så her trengte me ikkje justera noko. Det var ein god følelse å krusa avgarde, samtidig så eg ikkje kunne slappa heilt av. Å ha alle ungane med på prøvekjøring var ikkje heilt etter ønske. Sidan eg veit at det då kan oppstå ting, men heldigvis gjorde det ikkje det. Vanlegvis vil eg ha minst mulig folk med meg på prøvekjøring, men ungane var like spent som me og eg klarte ikkje sei nei. Det vart meir prøvekjøring etter dei var gått, med større belastningar...



 Måtte hell og lykke fylgje deg på alle dine hav. Eg døyper deg til Mathilde....







3 kommentarer:

  1. Helt fantastisk flott! Dette er håndtverk av ypperste klasse Roger! Dypt imponert!!

    SvarSlett
  2. Ein kjekk sommar i vente ;)

    SvarSlett
  3. Kjekt du likte den Norunn, tusen takk!

    SvarSlett