fredag 18. juni 2010

Akter salong og akterdekk

Etter oppspiling kledde eg aktersalong med sandichplater. Desse platene var på førehand støypt på begge sider. Etter å ha hefta dei fast med skruer vart dei remsa fast med glassfiber. Deretter kunne spilene takast vekk og eg kunne remsa innvendig i aktersalongen. No er den sterk og isolert, klar for å bli kledd med kun mahogniplank.







Oppspiling av jigg til akter salong

Her er begynnelsen som skal indikera midtdelen av salongen. Det såg veldig høgt ut i byrjinga, men etterkvart som eg fekk på fleire spiler såg det bedre og meir rett ut.











torsdag 17. juni 2010

Lugar framme byrjar å ta form

Her er det kome toppplate på benkene som etterkvart skal bli til senger.
Her er skott mellom bad og lugar framme på plass.

Skutesida er kledd med faspanel som skal malast med skipolin etterkvart.



Bad under oppbygging

Framme i baugen skal badet bli til. Fyrste steg var å bygge septiktank, den valde eg å plassere under sjølve toalettet. For at eg skulle få størst mogleg tank bygde eg den på plassen.
Neste bilde viser dørk og bunn inni skap på styrbord side, og bunn på det kommende dusjsetet på babordside.
Her er toppen på septiktanken komen på plass med gjennomføringar.

Bak toalettet har eg bygd opp skap pluss taukasse, som skal vera tilgjengelig frå dekk.




Fronten på skapet er komen på plass.


Dørken på badet er ferdig topcoatet.


Prøvemontering av toalettet


slik ser då badet ut så langt med veggplater, skapdør og toalett.












benker i forpigg

Her har eg trekt tilførsel til bautrøstar, varmt/kaldt vatn og varmluft. Veldig greit å få dette skjult i benkane. Varmluftslangen er isolert slik at den vil holde bedre på varmen fram til toalettet.
Her har eg laga bunn i benkene med klaring til skute bunn, for å få lufting .