onsdag 22. februar 2012

instrumenter

Eg har og montert intrumentene som høyrde til motoren. Ventilane/vindaugene kjem og sakte men sikkert på plass, held på med skyvevindauger på sidene av cokpit.



litt oppdatering..

Eg er komen eit godt stykke lenger.. Kalesje og puter er tatt mål av og eg av ventar pristilbud. Dørken i cokpiten er nesten ferdig. Det er eit puslespel sidan det er så mange ulike høgder/flater.



søndag 12. februar 2012

køyer

Køyene er og komne på plass. Det er 4 køyer i forpigg og 4 i salongen. Dei er laga slik at dei kan vera sofa på dagtid. Og når senga skal nyttast heiser du sofaryggen opp til seng. No står dei og ventar på Eteka, dei skal laga kalesje og puter/madrasser..




oljing av teakdekke

Eg har vore å jobba i Arendal på prototypen på P36 i Nidelv sine gamle produksjonslokaler. Der kom eg i kontakt med ein av eigarane av Nidelv. Han driv eige firma i tillegg som heiter Asdal trading. Han selger der ulike produkter, blandt anna denne vannbaserte teakolja. Den nytter eg på dørken i styrhuset.


beising av lister



Det er snart klar for listing i båten. Inni mellom andre ting må me då beisa og lakka listene slik at dei får rette gløden. Dette er gamle lister som er noko gulna og treng difor vaskast med raudsprit og pussast før beising og lakking.

Motorromsluke og innredning i styrehus

Eg har starta på å montera innredningen i styrehuset. Den er i hovudsak i sandvich der eg har støypt utsida i ei form slik at det ser ut som ståande panel. Motorromsluka er laga i 14mm finèr der eg har limt på 6mm teakstavar. Undersida på denne vert kledd med lyddempande isolasjon. Topplatene på sittegruppa er laga av 9mm finèr. Har og så smått kobla stereoanlegg og andre elektriske instalasjonar. Kjekt å trykka på brytara og sjå at det kjem lys der eg har planlagt det :)






ventilar..

Siste rest av ventilar/vindauger er no komne i hus. Voss Glas og fasade har skore ut etter mal herda ruter og slipt fine kantar på dei. Gleder meg til eg får dei på plass.