fredag 25. februar 2011

Raymarine c90w

Då er kartplottaren på plass i heimen, gleder meg til å plassere den i Mathilde. Og ikkje minst til å ta den i bruk!

lørdag 19. februar 2011

diverse fremskritt :-)

Eg har jobba litt med forskjellige ting på Mathilde ...her er nokre bilder som viser kva eg har gjort så langt....



Eg har og vore og sett på ein seglebåt i mahogny....noken som er intressert i denne båten så ring meg på:41452394









fredag 11. februar 2011

skipsdekk

Enda eit skritt nærmere mål, fremdeles noen kilometer att å gå, men for ein distanse eg har gått til no ;) Må jo vera lov å skryta litt av seg sjølv, er jo veldig nøgd med det som er gjort. Denne gongen har eg hatt hjelp av minstejenta og, ho støvsugde heile båten innvendig. Desverre støva eg det til att då ho var gått inn for å legge seg.

Eg har nemlig lagt skipsdekke på taket av salongen og på fordekk, og skjert ut rundt vindaugene tilslutt...





 baugpynt


 Ei blid arbeidsjente :)




lørdag 5. februar 2011

bilderas - finering

Held fortsatt på med å lime finer rundtom på båten, så ei lita oppdatering her i bilder :)










torsdag 3. februar 2011

I lokalavisa...

I dag var eg og båten min i lokalavisa. Eg hadde desverre ikkje så god tid til å snakka med journalisten som stakk innom verkstaden og overlet snakkinga til pappen, noe som viser att i artikkelen. Venner av meg har lurt på om eg held på med fleire båtprosjekt i tillegg til mitt eige ;) Kjekt med litt blest om båten, sjølv om det er litt småfeil. Skulle gjerne hatt med adressa til bloggen slik at folk kan lesa meir av historia.. Det er jo kjekt at andre synes prosjektet mitt er spanande. Det ligg jo vanvittig med timar der etterkvart.



onsdag 2. februar 2011

Finér

Etter at fineren var limt fast på sidene av aktersalong og forover var det klart for pussing og sparkling med epoxy. Deretter 2 lag med mahognybeis og er no i ferd med dei første laga med olje...


Fordekket

No har eg sparkla fordekket med eit stoff som heiter F177 Divylett. Dette er eit lett og seigt sparkel. Etterpå fekk det eit strøk med topcoat.