fredag 9. september 2011

Mathilde på veg inn att i garasjen.




No skal ho inn att i tørr og varm garasje medan eg designer og lagar ferdig vindskjerm og tak.

onsdag 15. juni 2011

Å innse realiteten..

Ja, det er med tungt hjerte eg var nøydd til det.. Eg hadde blitt ferdig viss eg fortsette, men ikkje med komplett båt.. og då fann eg ut at eg ikkje ville ha Mathilde på sjøen i år. Kalesjene ville ikkje blitt ferdig, ingen puter var bestilt og ei heller var motor på plass. Så at Mathilde skulle ut berre for å ligga ute såg eg liten vits i. Så no tek eg heller ein vinter til inne. Vår og sommartid er travel for ein båtreperatør, så no er det litt rolig i trebåtverden. Men frykt ikkje, eg kjem sterkt tilbake då haustkveldane kjem sigande.

fredag 22. april 2011

Tida går og Mathilde nærmer seg meir og meir :)

 Tilpasning av rustfritt stål i baugen



 Planlegging av pullert plassering


 Dashbord prøving og planlegging



Sjølvlaga gjennomføringar for anker 





Dører laga av Ortnevik tre, før og etter behandling


Akterskott mot salong under utforming



 Skylight før, under og etter sikaflex


utsnitt av bakrevindskjerm cocpit, prøvemontering

onsdag 23. mars 2011

Montering av styresylinder og anna snacks :)

No er styresylinderen montert og da kan eg lage baksete over denne. 

 Finering av luftsjakt for defroster

 Her er eg begynt å bygge opp dashbordet, krakken indikerer kjørestolposisjon.
Aktervindskjerm ferdig lakka og på plass...
Akterdekk under legging...

lørdag 5. mars 2011

bilder av lakkert fordekk og oversikt båt..

så langt er eg komen ... Eg held på med å designe vindskjermen no, kjem bilete av det når den er klar.. Så heng med :)










onsdag 2. mars 2011

Snart ferdig med lakking ...


No nærmer det seg ferdig med lakking for no. Du kjem til eit punkt der du må stoppe ellers blir du aldri fornøyd og aldri ferdig. Så viss båten skal på sjøen i sommar må eg fokusere på alt det andre som ventar :)