tirsdag 8. mai 2012

Flygande Mathilde

For at Mathilde skal verte sjøklar må ho høgare opp frå bakken. Det er fordi me må få sett i aksling og ror. Me leigde Larstø Båt og Motor sin krane med Olav Sjo bak spakane. Det var ikkje store plassen mellom krane, båt og garasje. Men dette meistra Olav fint... Då ho var stroppa opp vart det gjette konkurranse om vekta til Mathilde. Eg vant denne, Magnar tippa 6, eit eller anna. Naboen tippa 5 og eg tippa 4 tonn. Ei dames vekt er vel neppe populært å snakka om, men Mathilde var altså ikkje tyngre enn 4,1 tonn. Så med resterande utstyr vil ho mest sannsynelg komma opp mot 5 tonn med fulle tankar.










Båtprøving..

Prøving av båten vert det nok mykje av framover, og her har de halve familien på akterdekk i finveret :)


Sommardraumar..

Når me sjelden har fint ver her på vestlandet, var det naturleg å ta seg ein tur ut etter leggetida til ungane. Sjølv om Mathilde står i hagen, var det nesten som me la i frå og segla ut i solnedgongen. Kva var vel meir passande enn kvar sin halvliter :) Me draumde oss fram til sommarferien og gode sommerkveldar på tur med Mathilde.. Me gleder oss stort :)

Mast

No når Mathilde er komen ut av den tronge garasjen kunne ho få masta på plass. Det vart prøvd, sikta og målt. Var den for høg? Kor skulle vanta plasserast? Som de skjønar, ein del tankearbeid rundt dette og...




Puter og kalesjer

Endeleg var dagen komen for å få putene på plass. Me var veldig spente på fargevalet og korleis båten ville sjå ut inni med puter. Det vart kjempefint! Me er strålande nøgde med fargeval og arbeid. Dei er laga ved Aqua Sør i Søgne utenfor Kristiansand. Kalesjer er og på plass, kvite og fine. Dei er laga av Eteka i frå Sveio.

                                  Cockpit: sittegruppe                                 
 Aktersalong med nedslått overkøye
 Uteplass akter

Emma tester overkøye i forpigg :)