torsdag 4. februar 2010

Mathilde får komma i hus!


Siden båten no stod klar på ei krybbe med hjul. Var det berre å dra båten inn i verkstaden til lys og varme. Ei lita utfordring var at verkstaden opprinnelig berre er 10m lang. Så der måtte snekkeren forlenge litt...


Ny snuoperasjon




No er tida komen til å endeleg få båten på rett kjøl att. Denne gongen gjorde me det nesten likt bortsett frå at me hadde taljer som me slakka på for at båten skulle snu seg. Dette gjekk heilt knirkefritt og det er ein fornøyelse å sjå båten på rett kjøl att.

mandag 1. februar 2010

sliping av undervasskrog







No er fyrste omgang med sliping i gang. Undervasskroget måtte slipast fri for maling og lakk for at glassfiberen skal henga. Etter slipinga plukka eg ut alle trepluggane og prima med eit strøk polyester tynna med polysolve. Så var det sparkling ialle sprekker og hol for så å plastre båten med to lag med 600 grams matte. Deretter bygde eg stiglister på skroget for å gje den betre løft og stabilitet. Kjølen vart forsterka med ein stålsko som eg bolta gjennom kjølen. Undervasskroget var forlenga frå 32' til 39'.

Snuoperasjon











For å snu båten på hovudet måtte den stivast kraftig av. Dette for å unngå at sidene klappa saman under snuoperasjonen. Ville ha båten oppned for å lettare kunna plastre båten under.

Utskifting av bunnstokkar




Når båten var nokolunde bein starta eg med å ta ut dei gamle bunnstokkane og erstatta desse med kraftigare stokkar. Dette gjer eg pga at det skal i ein større motor. Bunnstokkane har no dim 48*198 mm. Desse vart bolta fast tvers gjennom båten med rustfrie gjengestenger 16mm.

Oppretting




Båten var 35 cm segen på bakenden og krevde litt tid på å koma seg tilbake på plass. Med press på dei rette plassane så seig ho sakte men sikkert på plass.

Turen heim...











Ikkje berre berre å få heim båten. Kanskje den var ein smule lenger enn båthengaren, men alt gjekk bra. Heldigvis... No står det att rensking av blad og rotna plankar ut av ho, før arbeidet kan gå i gang.