torsdag 17. juni 2010

benker i forpigg

Her har eg trekt tilførsel til bautrøstar, varmt/kaldt vatn og varmluft. Veldig greit å få dette skjult i benkane. Varmluftslangen er isolert slik at den vil holde bedre på varmen fram til toalettet.
Her har eg laga bunn i benkene med klaring til skute bunn, for å få lufting .

fredag 12. februar 2010

bakende del II







Etter at lyddempar var støypt og akterspeilet hadde fått rette fasongen limte eg på mahogniplanker med epoxylim på akterspeilet. Dette krevde sinnsjukt med tvinger, men etter lang leiteaksjon etter nok utstyr, kunne eg slå fast at eg hadde faktisk nok tvinger. Mahognien blei deretter grovslipt. Finslipinga vil eg begynna med når resten av skutesida er ferdig kledd. Då skal heile båten slipes og beises for så å olje.

torsdag 4. februar 2010

Bygging av ny bakende







Det første eg tok fatt i var ny bakende, siden eg har forlenga ho 7fot. Den gamle bakenden og spantene var råtne, så det vart fjerna. Eg bygde ein ny bakende med lyddempar og framfor den ein dieseltank.

Mathilde får komma i hus!


Siden båten no stod klar på ei krybbe med hjul. Var det berre å dra båten inn i verkstaden til lys og varme. Ei lita utfordring var at verkstaden opprinnelig berre er 10m lang. Så der måtte snekkeren forlenge litt...


Ny snuoperasjon




No er tida komen til å endeleg få båten på rett kjøl att. Denne gongen gjorde me det nesten likt bortsett frå at me hadde taljer som me slakka på for at båten skulle snu seg. Dette gjekk heilt knirkefritt og det er ein fornøyelse å sjå båten på rett kjøl att.

mandag 1. februar 2010

sliping av undervasskrog







No er fyrste omgang med sliping i gang. Undervasskroget måtte slipast fri for maling og lakk for at glassfiberen skal henga. Etter slipinga plukka eg ut alle trepluggane og prima med eit strøk polyester tynna med polysolve. Så var det sparkling ialle sprekker og hol for så å plastre båten med to lag med 600 grams matte. Deretter bygde eg stiglister på skroget for å gje den betre løft og stabilitet. Kjølen vart forsterka med ein stålsko som eg bolta gjennom kjølen. Undervasskroget var forlenga frå 32' til 39'.

Snuoperasjon











For å snu båten på hovudet måtte den stivast kraftig av. Dette for å unngå at sidene klappa saman under snuoperasjonen. Ville ha båten oppned for å lettare kunna plastre båten under.