Etter plugginga, var det i gang med å slipe skutesida. Her var det ein Dewalt båndslipemaskin som var redskapen med 40 grain slipepapir i byrjinga. Etter grovslipinga var det å gå over med finare papir.
Utrulig så fort gjort det var å skrive dette her i forhold til å gjera arbeidet. Det tok ca ei veke på kveldstid å fullføre, ein blir så sliten av å holde båndsliparen... Så sjølv om det var veldig gjevande så måtte øktene bli kort. I pausane satt eg ombord i båten og draumde :)
torsdag 30. september 2010
søndag 25. juli 2010
Plugging av skuteside
Eg held på med eit langtekkelig arbeid for tida, eg limer pluggar i skutesida til Mathilde. Nokre av plugghola er så grunnne at eg ikkje kan lima pluggar i. Der har eg laga meg ein sparkelmasse av mahognislipestøv og epoxy. Detter brukte eg til å sparkla dei grunne hola og i sprikker ellers. Eg veit ikkje om dette vil bli bra, men det er verdt eit forsøk.
fredag 18. juni 2010
Akter salong og akterdekk
Oppspiling av jigg til akter salong
torsdag 17. juni 2010
Bad under oppbygging
Framme i baugen skal badet bli til. Fyrste steg var å bygge septiktank, den valde eg å plassere under sjølve toalettet. For at eg skulle få størst mogleg tank bygde eg den på plassen.
benker i forpigg
Her har eg trekt tilførsel til bautrøstar, varmt/kaldt vatn og varmluft. Veldig greit å få dette skjult i benkane. Varmluftslangen er isolert slik at den vil holde bedre på varmen fram til toalettet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)