I år har me planar om å bli med CMB-klubben til Norheimsund på Hardanger trebåtfestival 22.06.2012.
Dette er då planen, og eg har då eit tidsfesta eit mål om å vera køyreklar til dess. Helst vil eg ha begge båtane mine køyreklare til den tid. Det krever nokre timar sidan Oline ikkje fekk nokon vårpuss i fjor. Ho har det aldri vore noko møbelfinish på. Men ho er vakker og er den vesle augesteinen vår. Familien er liksom ikkje komplett utan ho med oss på båttur. Me gleder oss stort heile familien.
Blir kjekt å møta resten av CMB-gjengen også!
fredag 20. januar 2012
torsdag 19. januar 2012
40-års dag
Ein er ikkje eldre enn ein kjenner seg, men tala viser no 40. Til den store dagen hadde familien min gått i saman om eit ekkolodd til Mathilde. Dette set eg veldig pris på. Det har vore eit ynskje som har lagt litt på sida av dei nødvendige tingene som fyrst må kjøpast/prioriterast. Tusen takk!
onsdag 18. januar 2012
Bestilling av ruter til vindaugene/ventilar
Då styrhuset var festa var det tid for å ta mål av rutene. Desse er no komne i bestilling. Norolf var med å hjelpte å ta mål til dette og fekk då lufta litt av tankane mine kring det å ha faste eller skyvevindauga ved styreposisjon. Me kom fram til at eg lagar tre vindauger i sida der eit var skyvevindauge.
tirsdag 17. januar 2012
Doradeventilar
Har kjøpt inn fire stk doradeventilar frå Vetus. Kjempedyre, men vel verdt pengane då eg såg kor lekker Mathilde vart. Valgte å laga ventilboksane under doradeventilane sjølv. Eg laga ei form som eg seinare støypte fire boksar i glasfiber i. Desse vart bora dreneringshol i sidene for å unngå vatn i lugaren. Plasseringa av doradeventilane var mykje fram og tilbake, men kom fram til at beste plassering var i akterkant av aktersalong.
mandag 16. januar 2012
Tak på styrhus
I tidlegare innlegg ser de ei bøygd sandvichplate oppå vindskjermen. Denne er no blitt eit tak. Etter mykje kutting, bøying, samanlikning og ikkje minst planlegging valgte eg å ha opent tak i senter. Først grovbygde eg dette og løfta det oppå. I byrjinga løfta eg det for hand. Etterkvart som taket vert forma vart det for tungt. Heldigvis har eg ein løpekatt i taket som taket vart festa i. Slik kunne eg då ta taket av og på under heile prosessen.
Hadde og eit uhell der taket løysna ein meter over aktercocpit. Det vart nokre mindre fine merker i mahognyen. Etter mange stygge ord om dette fekk eg taket på plass att og limte det fast.
Hadde og eit uhell der taket løysna ein meter over aktercocpit. Det vart nokre mindre fine merker i mahognyen. Etter mange stygge ord om dette fekk eg taket på plass att og limte det fast.
| Trudde eg hadde mange tvinger, men her er alle i bruk, blir aldri mange nok tvinger... :) |
| Test montering av horn |
| Nylakka og klar til montering |
| Taket heist på plass og montert |
søndag 15. januar 2012
Hausttreff og ny inspirasjon
I august var me på hausttreff med cmb-vestlandet. Dette var stort, me fekk til og med overnatte i flotte Pia II. Tusen takk Ivar. Me gleder oss stort til å treffe denne kjekke gjengen med fleire på neste treff.
| Foto: Sverke Haavik Nettstad |
lørdag 14. januar 2012
Vindskjerm utforming
Etter at Mathilde motvillig vart slept inn att i garasjen. Begynte arbeidet med bygging av vindskjerm. Eg hadde in plan om å bygge ho som byggesett. Slik at eg kunne plukke det av at då ho skulle ut døropninga att. Men Kom fort fram til at dette ville gje meg mykje meirarbeid og valde heller å rive døropninga. Slik at Mathilde kan takast ut utan demontering.
Etter ny leveranse av mahogny frå Knut Geir Tofte, byrja eg å laminere saman mahogny til styrhuset.
Etter ny leveranse av mahogny frå Knut Geir Tofte, byrja eg å laminere saman mahogny til styrhuset.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
