mandag 1. februar 2010

Utskifting av bunnstokkar




Når båten var nokolunde bein starta eg med å ta ut dei gamle bunnstokkane og erstatta desse med kraftigare stokkar. Dette gjer eg pga at det skal i ein større motor. Bunnstokkane har no dim 48*198 mm. Desse vart bolta fast tvers gjennom båten med rustfrie gjengestenger 16mm.

Oppretting




Båten var 35 cm segen på bakenden og krevde litt tid på å koma seg tilbake på plass. Med press på dei rette plassane så seig ho sakte men sikkert på plass.

Turen heim...











Ikkje berre berre å få heim båten. Kanskje den var ein smule lenger enn båthengaren, men alt gjekk bra. Heldigvis... No står det att rensking av blad og rotna plankar ut av ho, før arbeidet kan gå i gang.

søndag 31. januar 2010

Eg fant, eg fant...







Etter lenge å ha leita etter eit ok objekt, med rett skrogfasong og kravellbygd skrog fann kona den på finn.no. Kameratane mine kaller den jonsokbålet, men eg ser det vakre skroget og draumen er starta.






Tollefsen Båtbyggeri i Arendal annonsert den for salg for over middels interesserte båtentusiastar. Det følgde med original teikningar til båten, men og seks andre Furuholmen teikningar.






Båten er ein Furuholmen hyttebåt på 32' med tidligare namn Taifun.