søndag 9. januar 2011

Foring av ventiler

Då eg skulle setta i ventilar i skutesida dukka det opp ein liten utfordring. Siden eg har kledd skutesida innvending med panel er det eit stykke mellom skutesida og panelet slik at det er lufting i mellom. Problemet var som følger: Kva skulle eg nytta i den distansen? Eg såg for meg eit røyr som foring og tok kontakt med rørleggar. Han hadde ingen røyr i sortimentet som passa med dimensjonen på ventilane. Etter litt grubling og leiting rundt om fann eg blomsterpottene til Fruen. Dei var kona og passa godt i dimensjon sidan ytterringen er større enn innerringen. Kven skulle trudd det, det passa som hand i hanske ;)




Plastikken i blomsterpottene var også perfekt. Dei stod ute i minusgrader og var alikevel elastisk og kunne klippast til uten å sprekke opp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar