tirsdag 26. juni 2012

Ut på tur langs tørre land og sjøsetting

For å få Mathilde på sjø, måtte ho fraktast til Larstø. Det er rundt 3 kilometer dertil, og det var ein nervepirrande tur. Hengaren som Mathilde stod på var ikkje akkurat ny. Snarare tvert i mot, ein heimelaga stålkonstruksjon som sikkert er 25-30 år gammal. Me haldt pusten og Tor Ivar køyrde fint. Me har vel aldri brukt så lang tid herifrå til Larstø nokon gong. Smale vegar som hadler alle vegar, var det litt meir enn spanande å sjå på.

Vel framme fekk me ho ukomplisert på sjø, kranen kjente ho frå før og Oline låg å venta for og slepa ho heim i havn. Det var nett som båten kom med eit lettelses sukk då kjølen fekk kontakt med sjø. Mest så eg høyrde eit ahhhh. Oline er forresten gamlebåten min, den fyrste eg bygde opp, eg byrja på den som 17. åring.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar