søndag 3. oktober 2010

Beising..

Eg har sett mange mahognybåtar som er nesten vorte gule etter å vera ute i sola. For å forhindre dette har eg beisa skroget med mahognybeis slik at det er ganske mørkt på farge. Samtidig vart det der eg har forlenga båten fargeforskjell på mahognyen. Derfor måtte eg ta noen ekstra strøk på dei nye borda som var lysare. Dette for at eg skal unngå fargeforskjell på dei nye og gamle delane.

Innvendig behandla eg båten med svenk tretjære som er tynna ut med terpentin. Ettersom båten har stått inne i sju månader i oppvarma garasje, er det store gliper mellom bordgangane. Etter oljinga starta båten sakte men sikkert og gå i saman og den ordentlige trebåtlukta var på plass. Første boksane med tretjære kjøpte eg på ein lokal malerbutikk og betalte ganske dyrt for dei. Etter eit besøk på Biltema oppdaga eg at dei selde både terpentin og svensk tretjæra til ein langt hyggeligare pris :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar