lørdag 9. oktober 2010

Montering av gjennomføringar

Når me skal ha sjølvlensande dørk må me legga denne minimum 10 cm over vannflata. Samtidig må ein tenke på at ikkje dørken vert for høg sånn at båten vert sjåande rar ut. Høgda på rekkene aukar i takt med høgda på dørken. Mathilde sin dørk vart 10 cm over vannlinja. Det var ein kronglete jobb og montere dreneringane frå denne, men det er kjekt no når det er gjort. Det er og montert to stk sjøvannsinntak i skutebotn. Desse ligg rett på utsida av motorfundamenta og langt bak. Eg har ikkje bestemt meg enda om eg skal ho jording på innsida av desse eller ha sinkanodar på utsida. Skal til Voss i helga og der skal det bestillast herda ruter til akterlugaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar