mandag 4. oktober 2010

innvendig så langt...

No har eg fått laga eit kar som skal ligge under motoren. Det er for å forhindra at diesel evt. oljelekkasje legg seg i skutebotnen og lagar dårlig lukt. I botnen av karet har eg laga ei fordjupning der det skal vera ei pumpe som kan pumpe ut det som samlar seg opp.

Eg har og plastra dørkane innvendig og toppcoata dei kvite. Akter dekk er sjølvlensande og plastra. Det er laga to fordjupingar til drenering. Ellers har eg leita rundt i båtutstyr på lageret etter skroggjennomføringar. Då fann eg og sjøvatnfilter og to sjøvannsinntak med kranar. Neste prosjekt no er å bore ein del hol og montera gjennomføringar.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar